Har ein rett til å få profilen sletta?

Har du eigentleg rett til å få din personlege profil sletta frå nettet, eller kan nettenester som Facebook og Habbo nekte sletting mot din vilje?

Jente med tastatur

Eit av dei vanlegaste problema som Slettmeg.no blir kontakta om er sletting av eigne profilar eller kontoar på Internett. Som regel er problemet at brukaren ikkje finn framgangsmåten for sletting, og då er det lett å hjelpe til, men i ein del tilfeller viser det seg at tenesta ikkje har nokon løysing for å slette profilen eller kontoen. Kanskje får ein tilbod om deaktivering, men ønskje om permanent sletting blir avvist.

Hovudregel er rett til sletting!

Når ein opprettar ein profil eller konto samtykker ein til at nettenesta kan lagre og behandle relevante personopplysningar. Dette samtykket kan når som helst trekkast tilbake. Det betyr at norske nettbrukarar som hovudregel har full fridom til å avgjere om ein profil skal slettast eller ikkje. Like lite som nokon kan tvinge deg til å opprette ein nettprofil, kan nokon nekte deg å slette profilen som du sjølv har oppretta.

Vi får innimellom høyre om nettenester som nektar å fjerne brukarprofilar «fordi systemet ikkje tillet det». Dette er ingen gyldig grunn for å vike frå hovudregelen om sletting. Dersom It-systemet til ei netteneste ikkje klarar å slette profilar, må It-systemet endrast.

Det finst likevel ingen hovudreglar utan unnatak.

Kva står i avtalevilkåra?

Hugs å lese gjennom avtalevilkåra! Når ein opprettar ein profil eller konto aksepterer ein nemleg bestemte vilkår. Vi har fleire gongar opplevd at ei nettside har ein reservasjon mot sletting av profilen eller kontoen i sine vilkår. I så fall er ikkje brukarens rett til sletting like sterk.

Norsk eller utanlandsk netteneste?

Eit anna unnatak frå hovudregelen om sletting er om nettenesta er norsk eller utanlandsk. Det hjelper lite om norsk lov sikrar retten til sletting dersom nettenesta er lokalisert i eit land med heilt anna lovgjevnad.

I situasjonar der ein ikkje har nokon formell rett til sletting kan ei løysing vere å tømme profilen/kontoen for mest mogleg personleg informasjon slik at han ikkje lenger vert kople til deg som person.

Kan ein krevje all profilinformasjon sletta?

I utgangspunktet betyr sletting at all informasjon kopla til kontoen eller profilen vert fjerna permanent. Dette er imidlartid ikkje alltid tilfellet. Ytringar som er fremja i eit debattforum kan vere døme på informasjon som ein ikkje kan krevje sletta sjølv om ein profil eller konto blir sletta. I 2006 kom Personvernnemnda (som er Datatilsynets klageorgan) fram til at ein ikkje kan krevje informasjon som har eit klart opinionsdannande føremål sletta frå nettet. Nemnda skreiv (PVN-2006-02):

Etter det Personvernnemnda forstår kommer det innlegg på debattsiden i forbindelse med et aktuelt samfunnsspørsmål. […] Det nettbaserte debattforumet katalogiserer innleggene og legger kommentarene til innlegget som en streng etter hvert innlegg. Det fremstår for Personvernnemnda ganske klart at de ulike debattantenes ytringer ikke har annet formål enn å påvirke opinionen og diskusjonen i den alminnelige samfunnsdebatt. Ytringene er frivillig publisert på debattsiden og ytringene fra debattantene er av en slik art at man gjerne får engasjerte motinnlegg.

Personvernnemnda anser det som klart at nettstedet representerer virksomhet med opinionsdannende formål. Ytringene fra klager og de øvrige debattantene faller dermed inn under personopplysningsloven § 7. Når ytringene faller inn under personopplysningsloven § 7 betyr det at innlegg fra klager og andre innlegg som viser til klagers innlegg, samt kommentarer og motinnlegg ikke kan kreves slettet.

Når ytringene faller inn under personopplysningsloven § 7 betyr det at innlegg fra klager og andre innlegg som viser til klagers innlegg, samt kommentarer og motinnlegg ikke kan kreves slettet.

Dette inneberer at sjølv om sjølve profilen kan slettast, har ein ingen rett til å krevje at innhald som er publisert via profilen i debattar og liknande og skal slettast. Dette blir opp til tenesteytar å avgjere.

Mer informasjon

Mer informasjon om og eventuelle kontaktopplysninger for Norsk Freakforum finner du her: Norsk Freakforum


Samarbeidspartnere