Bilete av barna på nett


Svaret på det er nei! Etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek ei avgjersle for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor gammalt og modent barnet er.

  • Når barnet er fylt 7 år, har det rett til å få seie si meining om saka.
  • Når barnet er fylt 12 år skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.
  • Når barnet er fylt 15 år, avgjer det sjølv om eit bilete av han/henne skal publiserast på internett.

Alder ikkje avgjerande

Ein skal ikkje sjå på desse aldersgrensene som absolutte. Etter barnekonvensjonen er det ikkje alder som er avgjerande for barnets innverknad, men om barnet ”er i stand til å gjere opp si meining”.

Kven kan gi samtykke for barnet?

Dersom foreldreansvaret er felles, er det tilstrekkeleg at den eine av foreldra gjev samtykke til biletpublisering av barnet. Dersom foreldreansvaret er eksklusivt for den eine, er det han/ho som har foreldreansvaret som kan gje samtykke til at bilete av barnet vert lagt ut på Internett.

Barnets beste!

Uavhengig av kven som har juridisk rett til å ta den endelige avgjersla på vegne av barnet, er han/ho forplikta av FNs barnekonvensjon til å ta grunnleggjande omsyn til barnets beste når avgjersla skal tas. Dersom foreldra er usamde om eit bilete bør publiserast eller ikkje, bør tvilen kome barnet til gode. Det er viktig å hugse at og barn har rett til personvern.

Informasjon fra Slettmeg er hentet fra flere kilder. Slettmeg vurderer informasjon før publisering, men Slettmeg kan ikke holdes ansvarlig for skade eller tap som kan oppstå som følge av ukorrekt, manglende eller utilstrekkelig informasjon.